Progit
+
TaskCtrl:
Møt
teamet!

Progit + TaskCtrl - del 2

Den forrige bloggposten, "Progit + TaskCtrl", inneholdt ein kort introduksjon til det unike samarbeidet mellom Progit og TaskCtrl. Om du ikkje allerede har lest den, er det berre å sjekke den ut før du fortset på del 2 som følger her. I denne posten vil du få eit endå bedre innblikk i dette samarbeidet. Du vil få møte teamet som jobbar saman for å utvikle produktet - ein fin samansetning av både konsulentar og fast tilsette i TaskCtrl. Her vil du læra kva som gjer Progit og TaskCtrl til fantastiske arbeidsplassar, samtidig som dei tilsette fortel om gledene og utfordringane ved å jobbe i TaskCtrl!👩‍💻⭐️

Møt teamet!

I den daglege utviklinga og drifta av TaskCtrl er det sju utviklarar, derav fire Progit-konsulentar og tre konsulentar frå Etiopia. Og sist, men ikkje minst, har TaskCtrl ein designar som jobbar tett saman med utviklarane. Progit-konsulentane og designaren sit saman på kontoret kvar dag, medan dei etiopiske utviklarane deltek på daglege standup-møter. Gjennom eit lite intervju av kvar person i teamet vil du få eit litt bedre innblikk i korleis det er å jobbe i TaskCtrl!

“Ein variert arbeidskvardag”

Førstemann ut er Ludvig! Om du er ein av dei heldige som har studert saman med Ludvig eller kjenner han frå før, veit du nok allereie at han har ei spesiell interesse innanfor IT. Sjølv om Ludvig starta som nyutdanna i august, har han ein brei kompetanse som TaskCtrl er heldige å få nyttiggjere seg av. Ludvig fekk spørsmålet om kva det beste med å jobbe i TaskCtrl er, og svaret hans er at han likar at arbeidsoppgåvene er varierte. Denne hausten har han arbeidd med både backend, frontend, design og infrastruktur. Han har og fått mulegheita til å ta på seg ansvar, noko han synest er moro. Ludvig påpeiker at det til tider kan vera ei utfordring å balansere det å lage nye features av god kvalitet samtidig som ein skal drifte og vedlikeholde eit allerede komplekst system. Derimot er dette lærerikt og bidrar til å bygge hans kompetanse som IT-konsulent.

“Beslutningstakning og ansvar”

Bli kjend med Ingeborg, vår team-lead! Blant anna er det Ingeborg si oppgåve å halde både utviklarane og produkteigarane i tøylene, noko som er ei utfordring ho har tatt på strak arm. I tillegg til dette ansvaret, er Ingeborg og med på teamet som ein av utviklarane. Ingeborg fortel at ho trivst godt i TaskCtrl sidan ho er ein del av eit team som supplerer kvarandre på ein bra måte. Ho får jobbe med fullstack-teknologi som ho synest er spennande. Ho set særleg pris på å jobbe så tett saman med kunden at ho får vere med på strategiske avgjersler og forma korleis TaskCtrl skal utviklast vidare. Likevel påpeiker ho at kunderelasjon ikkje kjem utan utfordringar, men ho ser på dette som ei verdifull erfaring ho kan ta med seg vidare.

“Fagleg friheit”

Nestemann ut er Erling, òg eit kjent fjes for andre studentar! Erling er nemleg ein rå utviklar som likar å ta på seg litt ekstra ansvar. Erling set pris på at TaskCtrl gir han moglegheit til å prøve og feile for å finne den beste måten å videreutvikle produktet på. Dersom Erling har ein ide, så er det rom for å prøve den ut. Slik som dei andre, likar han og at ein kan få jobbe fullstack og lære meir om devops. TaskCtrl er fortsatt i ein slags startup fase som gir han varierte oppgåver der han får utvikle nye features i tillegg til å drifte det eksisterande produktet. Samstundes nemner han at det kan det gå litt fort i svingane i blant, noko som gjer det ekstra viktig å ha tunga rett i munnen under utviklinga og sette foten på bremsen.

“Ein moderne tech-stack”

Progit’s siste konsulent ut er Sigrun, og slik som dei andre, kjem ho rett frå skulebenken. Sigrun er nokså sikker på at det ikkje finnast noko bedre “første” prosjekt enn hjå TaskCtrl, då ein har varierte arbeidsoppgåver som utviklar og jobbar tett saman med kunden som gjer at ho kan vera med å forme TaskCtrl som produkt. Sigrun likar særleg godt at TaskCtrl byr på ein moderne tech-stack der ho kan bidra på alle plan. Det er muleg å prøve seg i blant anna både React, Kotlin, Flutter og Ruby. Sigrun set pris på alle i teamet og ser på tverrfaglegheit som viktig. Oppgåvene kan til tider vera krevande, og læringskurva er ekstremt bratt, men det er nettopp slik ein blir ein dyktig utviklar!

“Godt samarbeid”

Møt ChiaHan! Ho er designar, tilsett i TaskCtrl, og bidreg med solid kompetanse innan design og UX. Ho jobbar aktivt med å forstå korleis TaskCtrl vert brukt, slik at teamet saman kan utvikle ei løysing som er brukarvenleg og effektiv. Det at ChiaHan sit saman med Progits utviklarar på kontoret er noko ho set ekstra pris på då det gjer jobben hennar lettare. Ved eit tett samarbeid kan dei saman iterere over designet, samtidig som ChiaHan får sjå arbeidet sitt bli realisert. Likevel opplever ho det som utfordrande å være den einaste designaren. Ho har hovudansvaret for å innføre designstrategi og brukartesting i utviklingsprosessen, men ser på dette som ei lærerik oppgåve, og seier at ho alltid kan spørje utviklarane om støtte når ho treng det.

“Spennande domene”

TaskCtrl har og tre IT-konsulentar lokalisert i Etiopia. Menasi, Ermias og Awot, som alle har jobba hjå TaskCtrl i nokre år. Dette gjer at dei har god kontroll på TaskCtrls funksjonalitet og teknologi. Dei bidreg med god kompetanse og hjelp slik at juniorkonsulentane har nokon å lene seg på. Her får du bli litt bedre kjent med Menasi, som har jobba i TaskCtrl sidan 2019.

Menasi synes at teamet har ein bra samansetning av folk der det er åpen og god kommunikasjon, og han likar at dei tidvis har teambuilding for å bli bedre kjent! Domenet til TaskCtrl er spennande, då byggebransjen byr på mange utfordringar som ein kan bidra med å løyse ved hjelp av teknologi. Men denne bransjen er også kompleks noko som gjer at det krever mykje av teamet å lære seg og sette seg inn i kundebehovet. Han fortel at ein kan merke kulturforskjellane, men at dette blir brukt til å læra av kvarandre. Til slutt set Menasi pris på at TaskCtrl gir han gode mulegheitar til å balansere jobb og fritid.

Gjennom korte intervju med teamet frå Progit og TaskCtrl har du fått sett at det blir gitt friheit, støtte og ein passeleg dose med utfordring. Teamet er ein samansetning av både erfarne og nyutdanna personar frå ulike stader som saman bidreg til ein god arbeidsplass med fagleg utfording og trivsel.

Følg gjerne med vidare på bloggen vår for å sjå kva teamet driv med og for å lære endå litt meir om TaskCtrl! ⭐️